Filefjell Eiendomsutvikling AS
  Søk
 
  Startside   Ledige tomter   Hytter   Gramstølen Hyttegrend   Om oss   Kontakt oss 


Visningstider i helga 2. - 5. juni

01.06.2011

Det er meldt flott ver og våren er komen i fjellet - det er barmark - grønt og fint!
FEAS har visning torsdag 2., fredag 3. laurdag 4. og søndag 5. juni alle dagar kl 11.00 - 16.00

Frå E 16 tek ein av like nedanfor Maristova på ca 800 moh, og køyrer den nye hyttevegen ca 2 km til Pontoppidans utsikt: det nye feltet ovanfor Gramstølen.  Her ligg hyttetomtane heilt opp til 1.030 moh. Alle tomtane ligg i fin gåavstand frå vegen.  Ein fordel med fjellsko/støvlar - ein må inn på tomtane for å sjå kor fint dei ligg i terrenget og i forhold til kvarandre.  Hyttene er lagt inn i bakken og pressa ned i terrenget slik at naturen med tre, busker og vegetasjon dominerer området.   Mest alle tomtane vi har no er monaleg over 2.000 m2 og med fellesareal mellom alle tomtane. Avstanden mellom dei fleste hytter er godt over 20 m!

På visning kan ein også sjå dei 14 hyttene som er bygde i Pontoppidans Utsikt. Hyttene ligg i grupper på tre i sydvest vendt li, alle usjenert og med god utsikt.

Fiske i nærområdet, gode jaktområder, stiar og korte eller endelause turar i høgfjell med alpine toppar eller på mildare høgfjellsplatå.  Dagsturar til Besseggen - Jotunheimen den eine dagen, og ein halvtimes biltur dagen etter til den "pittoreske og sjarmerande" trehustettstaden på Lærdalsøyri, med nyopna kunstsenter, Norsk Villakssenter og koseleg uteservering i varme sommarkveldar.  Lærdal er mellom dei varmaste og turraste i landet om sommaren.

print

 

Flere nyhetsartikler