Velkommen til privat visning i sommar.
08.07.2011
Representantar for Filefjell Eiendomsutvikling AS vil i sommer vera til stades i Gramstølen Hyttegrend, og ta gjerne kontakt med Thomas Hjermann mobnr 9134 6880 for å avtale visning i Pontoppidans Utsikt.
I sommar er 3 hytter under bygging i feltet. På visning kan ein sjå både hytter under bygging, ferdige hytter, byggeklare tomtar og tomtar der arbeidet med infrastrukturen har starta opp. I haust vert vegen ferdig bygd opp på ca 1.030 moh, dette er om lag 30 m høgre enn Nystova og høgste tomten på Buhanugane! Tomtane som no er lagt ut oppe i Pontoppidans Utsikt ovanfor Gramstølen ligg likevel lunt i bjørkeskogen opp mot tregrensa på ca 1.100 moh.
Eigedomstomtane er over 2 dekar med fellesareal mellom tomtane, og ligg i grupper på 3 tilpassa naturleg avsatsar i terenget med langt meir enn 20 meters avstand mellom tomtane. Minstekravet som vert brukt mange andre stader er 8 meters avstand. Vegane i Pontoppidans Utsikt går på utsida av feltet, slik at det ikkje er gjennomgangstrafikk forbi tomtane inne i feltet.
Dei fleste som har kjøpt tomtar og etablert seg er bergensarar, og dei er alle svært fornøgde. Særleg set bergensarane pris på det gode veret og klimaet i området. Lærdalsklimaet er prega av innlandsver med varme turre somrar og stabile vintrar. Ein kan verkeleg få nyta og nytta det flotte heilårs turterrenget - som vinterstid har passe avstand til alpinanlegga ved Tyinkrysset og i Hemsedal.
Fleire som har kome for å sjå på dei flotte hyttene utvikla av Saltdalshytta har angra på at dei har kjøpt hyttetomt annan stad utan å vita om tilboda i Pontoppidans Utsikt. Ikkje bli ein av dei!
OBS: Det er fritt val av hyttetypar i Pontoppidans Utsikt.