Perler frå Øyri til Borlo
23.08.2011
Prosjektet «Eit berekraftig reiseliv», der Lærdal er ein av fem pilotkommunar, er godt ute av startgropa. –Me vil ha fram det ekte, det som er historia og kulturarven vår. Samstundes vil me sjå framover.
LÆRDAL: Prosjektet «Eit berekraftig reiseliv», der Lærdal er ein av fem pilotkommunar, er godt ute av startgropa. –Me vil ha fram det ekte, det som er historia og kulturarven vår. Samstundes vil me sjå framover.

Det seier Helene Maristuen, prosjektleiar for berekraftprosjektet i Lærdal. Ho har no tre prosjekt ute til test i marknaden, eller tre perler som ho sjølv seier. Det er guiding på Lærdalsøyri, besøkshagen til Kari Sigrun Lysne og Borlo Bygdetun.
–Me har hatt fleire førespurnader frå cruiseoperatørar som vil sjå dei kjende morellane våre. No kan me tilby dei ein besøkshage, noko eg vil tru vil verta eksotisk for mange. Litt av målet no er å få systematisert det me har og testa prosjekta i marknaden. Me har mange attraksjonar langs vegen oppover dalen, summen av dette vil gje dei tilreisande ein total attraksjon, seier Maristuen, som har fått tilbakemeldingar frå turoperatørar som seier dei vil testa ut prosjekta alt i 2011.
Godt kjent
Lærdalsøyri med sine 160 verna hus, er godt kjent for mange av dei som besøkjer Lærdal. No tilbyr Marita Mo, Lars Rosvoll og Aurora Lysne ein times guiding i dette unike området. Målet er at dette skal bli ein heilårsaktivitet.
–Me har hatt dette tilbodet i tre veker, og det har vore ein del turistar innom, seier Mo som legg til at folk set veldig pris på å få sjå nokre av husa innvendig, som Henrikstova, der skomakar Henrik budde med kona Barbro og sju born. –Mange blir overraska over kor mange som budde der, seier Rosvoll.
Rik historie
Lærdalsøyri har ei rik historie og området inneheldt tidlegare både fengsel og rettssal. Som knutepunkt mellom aust og vest, hadde Lærdal også mykje besøk av både fantar og fintfolk. Ikkje alle gav bygda det beste attestar. Som biskop Erik Pontoppidan, som på ein tur rundt 1750 hevda at bygda ikkje var egna for menneske på grunn av stanken. Eller Ivar Aasen som meinte det var vel mykje tøyleslausheit og drukkenskap i Lærdal. Men det var visst endå verre i Sogndal.
–Men han seier også at det var hyggjelege folk i Lærdal, smiler Mo.
Guidinga endra opp i det freda, gamle bakeriet, der det vankar svele og saft eller kaffi.
–Me prøver å formidla historia rundt trehusbebyggelsen, ein viktig del av kulturarven vår. Det er ikkje mange som er klart over kor viktig Lærdal har vore. I tillegg tykkjer folk det er flott her.
Berekraftig
Eit kurs i opplevingsøkonomi i vinter inspirerte Kari Sigrun Lysne til å etablera ein besøkshage, der kirsebæra har ein dominerande plass. Men ho har, i tillegg til ein flott utsikt, også bringebær å by på. No har ho også planta ut fleire ulike typar aprikostre for å sjå om det kan vera noko å satsa på. Sau og frittgåande høner er også ein del av opplegget.
– Eg har akkurat starta og har berre hatt ei gruppe her oppe. Men dei som var her, var veldig begeistra, seier Lysne, som tek sikte på å gjera garden lettare tilgjengeleg med skilting etter kvart.
Lysne seier dei besøkjande blir overraska over kor mykje arbeid det er i morellproduksjon.
– Det er viktig å få dekkja til morellane, så dette må opp om våren og ned att til hausten. I det ligg det veldig mykje arbeid.
Miljøfyrtårn
Besøkshagen til Lysne er også eit av dei første miljøfyrtårna i Lærdal. Ho har også ei global sertifisering, som gjer at ho kan selja bær på den internasjonale marknaden.
–Me driv dette som ei familiebedrift. I tillegg får me hjelp til plukking, seier Lysne, som i dag leverer firefem tonn morellar årleg.
Bygdetun
Kari og Dagfinn Hegg Lunde inviterer til eit lokalt bygdemuseum på Borlo. Hegg Lunde har gjort ein formidabel jobb med å restaurera 19 bygningar og gjeve dei eit innhald.
– Ytterpunkta blir vel likvogn og heimebrentapparat, seier Dagfinn Hegg Lunde.
Mellom ytterpunkta er det ei imponerande samling utstyr som var i vanleg bruk på ein gard tidlegare.
– Eg har fått veldig god hjelp frå bygdefolket når det gjeld alle gjenstandane på garden.
Vertskapet kan også by på film og bilete om livet på Borlaug. Framsyninga finn stad i den tidlegare møkakjellaren.
Dokumentert
Maristuen seier dei etter sesongen vil dokumentera og arkivera responsen på tilboda.
– Dette vil så bli evaluert før neste sesong slik at me kan bli endå betre. I vinter blir det også eit sterkare fokus på marknadsføring av desse bedriftene. Me har også som mål å selja desse under eitt, som kulturpakkar.
Berekraftprosjektet er også partnar i NCE prosjektet til Fjord Norge som kulturaktør.
– I tillegg til dei tre perlene som det her blir jobba med, har me og dei historiske vegane med Kongevegen, Borgund Stavkyrkje og besøkssenter, Norsk Villakssenter og Sogn Kunstsenter, så me er absolutt ein sterk kulturaktør i Fjord Norge regionen.