Gammal attraksjon i ny ham fekk pris!

Den Gamle Kongevegen over Filefjell går like ved Gramstølen Hyttegrend. Fleire års arbeid med resttaurering av den gamle kongevegen har vekt merksemd og vunne pris i 2014 som ein av dei to vakraste vegane i Norge, sjå: http://www.byggfakta.no/disse-veiene-er-karet-til-norges-vakreste-83124/nyhet.html
Frå Gramstølen hyttegrend er det ein flott opplevelse og ein nydeleg tur å gå dei ulike parsellane av Kongevegen.Kongevegen var fyrste køyreveg mellom aust og vest i 1793, bygd med hest og mannemakt. Det er ikkje noko nytt at Filefjell er sikraste vegen mellom aust og vest.

Bøndene i Lærdal hadde frå gamal tid vedlikehaldsplikt på vegen og skyssplikt for reisande embetsmenn. Dette var så tyngande at dei hadde Kongens ord (og segl?) på at dei var fritekne for militærteneste. I samband med krigen med svenskane i 1808-09 og 1812-13 skulle lærdølene likevel tvingast inn i dei væpna styrkane. Dette gjorde dei oppreist mot, og det enda med at to av leiarane vart førde til Bergen, og ein av dei, Anders Lysne vart halshoggen. Det siste han sa på skafottet var: "Håve mitt kan gao, men Kongens ord skal stao".

Overmakta vann, og lærdølene vart innrullerte - og dei vart kjende som djerve krigarar i kaptein Jürgensenes lette infanterikompagni!